Ein kultur- og tradisjonsberar i Inderøy

LesehestInderøy Mållag er ein kultur- og tradisjonsberar i Inderøy, og kan sjå tilbake på over 100 års verksemd i lokalmiljøet.

Språk er kultur, det gir oss nødvendig identitet og er sjølvsagt eit praktisk arbeidsverkty i kvardagen for alle, anten det gjeld skrift eller tale. Å ha eit godt språk gir både styrke og sjølvkjensle, og det treng vi alle!

Nynorsk er eit samlande skriftspråk for dei ulike dialektane i Noreg. Det er eit levande språk som vert nytta av hundretusenvis av menneske kvar dag, og det vert nytta på alle område i samfunnet.

Målrørsla har over tid vore med på å utvikle og modernisere skriftspråket vårt – på begge målføra. Samtidig er det smått om senn skapt haldningar til ein medvete dialektbruk slik vi kjenner det i dag, både gjennom media og i allmenn kommunikasjon på ulike nivå.