Oppgåver

Dialekten er for mange av oss eit verdigrunnlag, og ein viktig del av identiteten vår, same kva dialekt vi kjenner oss vel med.

Vi vil verne om, og gjerne arbeide for at dialekten skal vera eit kulturelt og målpolitisk reiskap i bygda. På den måten meiner vi og at vi kan auke kjennskapen til og bruken av nynorsk.

Slik er vi med på å gje bidrag til ei språkleg utvikling som vi trur på, som vi meiner er naturleg, og som vi ønskjer.
Tidlegare var det nynorskopplæring på alle skolane i kommunen.

Litt etter litt har nynorsken mist grepet som opplæringsmål, men det er verd å merke seg den retten ein har til å velje opplæringsmål. Nokre elevar ved Inderøy Ungdomsskole har valt nynorsk som hovudmål.

Nynorsk har heilt sidan 1925 vore liturgisk målform i Inderøy-kyrkja. Hausten 2012 var det målavstemming der resultatet vart 70 stemmer for nynorsk og 82 for bokmål.
Elles står nynorsken sterkt i det daglege, utan at vi kanskje tenkjer så mye over det. Innherads- og Inderøydialekten ligg svært nær opp til moderne nynorsk, slik vi både kjenner det og høyrer det…

Det er eit godt utgangspunkt for vidare arbeid i mållaget.