Kvifor nynorsk?

Språk er levande. Derfor endrar det seg, og let seg endrast. I dag går endringane fort, både når det gjeld skrift og tale, og som med det meste elles i ei globalisert verd, har endringar ofte liten vørdnad for tilvante normer og gamle grenser…

Slett ikkje alt er til det beste. Det er viktig at vi har tankar om korleis – eller om – vi skal styre ei slik utvikling, og helst gje impulsar til ei utvikling vi ønskjer.

Derfor har mållaget, og målarbeid framleis ein viktig funksjon, ikkje minst i lokalsamfunnet. Er det ikkje der at alt kulturarbeid finn sitt spirande utspel…? Derfor er det så viktig at vi har eit aktivt mållag i bygda.

Du kan gjennom medlemsskap og engasjement som du tykkjer høver, vera med på å legge lista for kor aktivt laget skal bli!